Close

Not a member yet? Register now and get started.

lock and key

Sign in to your account.

Account Login

Forgot your password?

Krumspring og andre stavhopp

Krumspring og andre stavhoppFra Jan Spurkelands bok «Ivar Medaas – gjøglar og felespelar», Genesis forlag 2000: 70-åra vart for Ivar eit bonde- og artistliv med utgangspunkt, stasjon og endepunkt i Alversund. Profesjonelt sett er dette mest umogeleg, sjølv med den korte avstanden til storbyen Bergen. Men Bergen vart ikkje arbeidsstad for Ivar på lenge enno. Det var i Oslo alle kjendiskontaktane var, og noko artistliv utanfor Oslo var det mest heilt umogeleg å leva av. Dei gode jobbane fanst i hovudstaden. Der budde også dei med makt i bransjen. Han hadde framleis god kontakt med sterke arrangører og artistformidlarar som styrte kremjobbane. Ein av dei var Jørgen Fr. Ellertsen. Han fakk mykje å seie for samarbeidet mellom Øystein Sunde og Ivar i desse åra.

Øystein Sunde tilhøyrde ein yngre generasjon, og Ivar var alt etablert entertainer då Øystein kom opp på scenekanten. Det første Øystein hugsar om Ivar var radiohiten «Hestahandlarar» saman med Geir Tveitt. Denne friske og morosame låten og rytmen appellerte til Øysteins sans for humor og kjappe stil. Øystein som då var i sprekaste gymnasalderen, laga ein fiks kombinasjon av «Hestahandlarar» og Beatles-låten «Falling».

Øystein gløymer ikkje førsteinntrykket av Ivars talkshow og stil. Ivar skulle spela hardingfele, men kom liksom aldri i gang med spelet. Kvar gong han la felebogen på plass på strengane, kom det trillande ein ny historie og folkemusikken laut venta. Her var Ivar i særklasse. Ingen andre gjorde slikt. Ingen kunne harselera med noko så alvorleg som kjernekulturen vår. Øystein hugsa at folk lo så teltduken heldt på å rivna rundt han. Til slutt drog Ivar til med eit spel som gjekk rett i fletta på publikum.

Øystein opplevde suksessen til Ivar og tenkte: «Det var ein artig skrue. Ein utruleg morosam fyr med eit fantastisk tak på publikum».

Tidleg på 70-talet hadde dei to det første samarbeidet. Det var i eit sommershow med danseband som reiste rundt land og strand. Med i «truppen» var også Hanne Krogh og Tore Torell.

I 1975 kom ideen frå Jørg Fr. Ellertsens kontor om det store samarbeidet mellom dei to. Først reagerte Øystein med litt skepsis. Han var usikker på fleire ting. Mellom anna tilhøyrde dei kvar sin generasjon og to ulike språkkulturar.

Øystein var på den tida inne i daudvatnet etter den store visebølgja. Dersom ein ikkje var politisk raud, var ein lite verd. Nøytralt stoff med rein humor utan politisk brodd talde lite. Det var litt av grunnen til at han slo til og ville laga revy saman med Ivar.

Men revy og show lagar seg ikkje sjølv. Yngvar Numme skulle skrive noko, og Ivar og Øystein hadde litt stoff frå før. Ideen var å laga «kroshow» etter mønster frå Sverige, der det alt var ein suksess. Forma var ei tett og intim førestilling i ein restaurant. Artistgruppa var lita, helst berre to til fire artistar. Ivar og Øystein skulle vera første par ut i denne nye importerte revyforma.

Tittelen på showet vart «Krumspring og andre stavhopp», med premiere 24. oktober 1975 på Park Hotell i Drammen. Det gjekk svært bra.

Øystein fortel: «Da opplevde jeg for første gang hvilken entertainer og stor artist Ivar var. Jeg oppdaget allerede første kvelden at her hadde jeg ikke en sjanse. Han tok scenen og publikum med slik selvfølgelighet og sjarm at jeg plutselig forstod hvilken erfaring som lå bak. Hans bakgrunn fra flere år på Chat Noir gjorde sitt. Jeg hadde stort sett sittet på en barkrakk og pludret og sunget viser uten å møte publikum på denne måten. Ivar visste hva det dreide seg om, og ble kongen på haugen i den forestillingen».

Når Øystein skal karakterisera Ivar, fortel han først om kor godt Ivar førebudde seg til framføringane. Ein gong Øystein skulle innom hotellromet til Ivar før ei førestelling, høyrde han høgrøysta stemmebruk på romet. Øystein trudde det var ei heil forsamling der inne. Men snart skjøna han at det berre var Ivar som øvde høgt på historier han skulle fortelja i showet. Då gjekk det eit lys opp for Øystein. Ei historie krev øving. Humor er seriøs øving på rette ordval og knapp stil. Eit gamalt ord seier at improvisasjon krev god førebuing. Ivar gjorde akkurat dette. Han øvde godt før han gjekk på scenen. Og når han stod der, kunne han improvisera.

«Ivar er et naturbarn som i tillegg ble veldig profesjonell,» seier Øystein. «Når du skal more folk, må du være godt forberedt.» Ivar visste det og gjorde inngåande sjølvstudium i kunsten å laga moro. Men han hadde i tillegg mykje medfødd talent som var til god hjelp.

Ein publikumar sa ein gong til Øystein: «Ivar er bare morsom, han. Du derimot, må bevise det hver gang». «Jeg måtte slåss for latteren, mens Ivar hadde det innabords,» sier Øystein om dette samarbeidet.

Showet deira viste seg å ha livskraft og varde i nærare to år. Då hadde dei to turnert landet på kryss og tvers. Øystein fortel at han lærde mangt og mykje frå Ivar i denne perioden. Mellom anna å fortelja ei historie. Den ordknappe og treffande stilen er stor kunst.

Øystein fekk innføring i kunsten å overraska med ei historie midt i ei vise i pratande «stand-up-comedian-stil» av meisteren sjølv. Og dei to fann kvarandre i ein slags «uryddig ryddighet», som Øystein liker å kalla det.

Øystein seier at han har lært mykje av den uformelle, lause og ledige stilen til Ivar. «Det har ligget i min koffert når jeg har gått i studio,» seier visekunstneren frå Austlandet.

Ivar gav også Øystein skikkeleg innføring i folkemusikk både på og utanfor scenen. Dei to kunne sitja og jamma saman slik at Øystein lærde å akkompagnera vestnorsk felemusikk. Det gav inspirasjon til fleire av innspelingane hans seinare.

Ein kan vel trygt seie at Øystein Sunde på mange område var læregut hjå Ivar, og at Ivar såleis var med på å forma ein ny stor norsk entertainer. Øystein hadde sjølv med seg eit eminent gitarspel og kvikke og slåande tekstar i ryggsekken sin. Hjå Ivar fekk han fylla sekken opp med ei meir profesjonell haldning til publikum.

23. oktober 1975 – ?: Park Hotell i Drammen
1976: Turné
1977: Turné