Close

Not a member yet? Register now and get started.

lock and key

Sign in to your account.

Account Login

Forgot your password?

Press i pysjen

Fra Ivar Spurkelands bok «Ivar Medaas – gjøglar og felespelar», Genesis forlag 2000: I 1979 var det duka for eit nytt samarbeid mellom Ivar og Øystein. Denne gongen skulle det gå føre seg på ABC-teateret i Oslo. Ein heil høstrevy skulle dei to ta ansvaret for. Planen var at dei skulle gjera alt sjølv. Det heile starte med idéutveksling og skriving våren 79. Øystein skulle reisa til Bergen og møta Ivar bonde. Møtet skulle vera om bord i båten til Ivar, og Øystein kom med kveldstoget frå Oslo. Etter mykje tull og ball fann Øystein Ivar og båten ved bryggja inne i Bergen havn. Om bord var der fele og gitar, og Øystein hadde med sin eigen gitar. Turen utover Vågen og nordvestover leia vart ei merkeleg oppleving. Ivar var styrmann og Øystein skulle vera augo hans. Styrbord, babord, lanterner, lykter og båttrafikk gjorde det heile til eit nattleg mysterium for den lite båtvande Øystein. Han veit enno ikkje korleis dei fann fram til den staden Ivar let ankeret gå. Men det tok botn og så bar det laus på revyførebuinga. Etter nokre timar fekk Øystein «lugar» i forpiggen og slokna heilt. Neste morgon vakna han av hammarslag og dunder. Utanfor vindauga gjekk det blåkledde kjeledressfolk. Ved nærare utkikk vart han direkte forundra. Båten hang i to stroppar inne på eit skipsverft med Ivar klatrande omkring. Oppi alt dette, serverte Ivar kaffi til ein blunkande austlandsk landkrabbe: «Kaffi! Ska du ha kaffi?» skreik sjøuhyret frå Nordhordland. Omsider fekk Øystein greie på grunnen til denne oppankringa. Ivar hadde vore tidleg oppe og ordna med kontroll av propell og understell på snekka. Kan henda hadde ikkje kveldsturen vorte heilt utan botnkontakt?

Revyen kom på beina til hausten 79. Øystein og Ivar hadde også det økonomiske ansvaret og satsa eigne pengar. Med seg på scenen hadde dei to friske damer, Mari Bjørgan og Kari Svendsen.

Men førestellinga vart ikkje god nok. Publikum svikta og underskotet var snart eit faktum. I ettertid ser dei båe to kva grunnen var. Dei brukte ikkje fagfolk til marknadsføring og anna profesjonelt administrativt arbeid. Dei ville gjera alt sjølv i tillegg til å skriva og stå på scenen. Førestellinga leid under det.

Etter eit underskot på 120.000 kr drog dei på turné for å dekkja inn at litt av tapet. Det vart heller ikkje nokon økonomisk suksess, sjølv om innhaldet vart pussa på og forkorta til ein god einaktar. I etterpåklokskap kan dei hevda at det burde vore ein einaktar heilt frå byrjinga.

Både aktivitetane medførde alvorlege personlege og økonomiske tap. Eit heilt års slit kom ut med eit gjeldsresultat. Mykje moro, mykje slit og mykje lærdom var det einaste dei hadde att.

På moro-området hugsar Øystein mykje. Til dømes då Ivar kommanderte «truppen» inn på ei vegkro i Skibotn for å smaka på dei gode vaflane han hadde kjøpt der under Booken-turneen ca. 15 år tidlegare. I forvirringa kjøpte alle dei lovpriste vaflane – alle unnateke Ivar sjølv. Han kom snublande attende frå disken med ei nydeleg god kake. Den svaksynte reiseguiden hadde ikkje funne vaflane i disken, og satsa på noko nytt denne gongen. Alle dei andre gomla på harde og vonde vaflar medan han let nybakt kake smelta på tunga. Svaksynet hans viste seg enno ein gong som ein lukkeleg lagnad for han.

På turneen skulle dei mellom andre stader til Nord-Noreg. Ivar hadde klokkertru på Nord-Noreg etter eit dusinvis tidlegare besøk med Booken og Dizzie Tunes. Her var han lommekjend og sjølvutnemd guide. Den svaksynte reiseføraren var skråsikker på vegval og rasteplassar. Men han hadde også denne gongen vekslande hell med å treffa målet. En kan vel seia at han var skråsikker heilt til det gjekk over i tvil og tru. «Her hev eg vore før, du. Eg trur me tek te høgre.» Geografikunnskapane til Ivar var gode, men detaljane om vegval og gatekryss var stundom sviktande. Ein dag dei kom til Hammerfest, let Øystein Ivar finna vegen fram til hotellet. Dei hugsa båe to at hotellet var raudt, men var ikkje samde om vegval. Dei hamna framfor brannstasjonen etter at Ivar hadde vist veg. «Er det her?» spurte Øystein triumferande. «Nei,» kom det spakt frå den nervøst røykjande sidemannen.

Røykinga til Ivar førde til fleire episodar. Mellom anna fekk Øystein to kassettspelarar i to ulike bilar fylt med oske. Den nærsynte Ivar brukte det han fann av opplyste avfallshol i dashbordet.

Lokalkunnskapane til Ivar vart ofte sett på prøve så ære og tiltru stod på spel. Då dei kom til Honningsvåg, hevda gubben at skilnaden på flod og fjære var sju meter der. Etter verbale nappetak og sterke tvilsåtak gjekk Øystein til innkjøp av ein almanakk. Han konstaterte av skilnaden var størst i Vadsø. Den var på 1,76 m. Ivar gav seg likevel ikkje, men hevda at då Booken-revyen for framom eit tiår tidlegare, var skilnaden mykje større. Som prov viste han til ei redningsskøyte dei hadde reist med på Booken-revyen, og som låg så lågt ved fjære sjø, at berre mastetoppen kom opp over kaikanten.

Som revykamerat og partnar i meir enn ti år opplevde Øystein at Ivar var både lojal, snill og ein god ven. Han hadde eigenskapar mange kunne misunna han. Mellom anna fanst han ikkje sjenert og kan møta framande på ein svært direkte og sjarmerande måte. Dette kom til nytte ein gong han vitja Øystein på Skarnes. Ivar var morgonfugl og var oppe i sekstida før andre fekk augo opp. Då han ikkje fann kaffiboksen, gjekk han straks over til naboen og spurde kor det stod til med kaffivarelageret. Spørsmålet enda opp med traktering og kaffi servert av naboen.

Elles meiner Øystein at Ivar er ein samansett person med stor breidde som artist. Han har både «det rare og det vare» i seg. Som songar har han ein karakter som skil seg ut frå alle andre. Sjølvironien er sjølve kjenneteiknet på strilen frå Alversund. Gitarspelet var ikkje heilt perfekt, men felespelet likte Øystein svært godt. Sjølv om han merka at feleteknikken varierte med årstida. Våronn og slåttonn var tydeleg stivfingra kriseperiodar for spelemannen.

Øystein seier seg lei for at samarbeidet ikkje førde til plateinnspelingar med dei to. Han leita stundom etter ein låt til noko høvande, men fann det ikkje. Musikalske krumspring med desse gjøglarane vart vi såleis i ettertid snytte for. Ein kan berre førestella seg at det hadde vorte nokså ville ritt over haug og hammar. Tidlegare hadde Øystein vore produsent for ei av platene til Ivar. Det var LP’en «Å du og du» som kom ut i 1978.

Øystein og Ivar har framleis kontakt. Mest over telefon no etter at Ivar kom i rullestol. Men dei møtest når det byr seg ein sjanse for Øystein til å stikka innom.

September – desember 1979: ABC-teateret i Oslo
Våren 1980: Turné
4. desember 1980: Rognan